Hopp til innhold

Norsk nettbutikk | Rask levering | Frakt i hele Norge

Jubileumsdrakta - Vaksen

Art.nr:
NB!  Førebels på lager: XS og S Forhåndssalg (forventa levering i oktober): M,  L, XL, XXL, XXXL. Jubileumsdrakta – 1976-2026 – 50 år i toppfotballen Ein oktoberdag i 1976 sprang eit lag frå nivå tre ut på Ullevaal for å spele cupfinale. Det markerer på mange måtar starten på eit eventyr få trudde var mogleg. I år fyller Sogndal IL 100 år og samtidig markerer me 50 år samanhengande i norsk toppfotball – ein prestasjon berre sju andre klubbar i landet kan vise til (Lillestrøm, VIF, Start, Viking, Brann, Molde, RBK). Då det starta, budde det berre rundt 4 000 menneske i Sogndal. Det handlar ikkje om flaks, men om ein bevisst måte å jobbe på over tid. Med masse kompetanse, hardt arbeid, veldig mykje vilje og veldig mykje lagspel mellom klubb, bygd, frivillige og samarbeidspartnarar. For å markera jubileet lanserer me ei eksklusiv jubileumsdrakt inspirert av drakta som vart bore av laget i cupfinalen. Drakta kjem med den klassiske Sogndal-logoen og er laga som ei hyllest til spelarane, supportarane og historia som har forma klubben gjennom fem tiår. Drakta skal brukast i jubileumskampen mot Kongsvinger 25. oktober.  Ønskjer du nummertrykk? Bestill dette her:  Nummertrykk Detaljer ⚽️ Jubileumsutgåve – 50 år i toppfotballen ⚽️ Klassisk Sogndal-logo ⚽️ Inspirert av den historiske drakta frå 1976 ⚽️ Frå Ullevaal i 1976 til jubileumsåret 2026. Storleik og nummertrykk Me har fått tilbakemelding om at fleire opplever jubileumsdrakta som litt liten i storleiken, og vel difor éin storleik større enn dei normalt brukar. Er du usikker på storleiken, anbefaler me å ta dette med i vurderinga før du bestiller. Drakter med nummertrykk kan ikkje returnerast eller bytast. Ver difor ekstra nøye med val av storleik dersom du bestiller drakta med trykk OBS! ⚽️ Vel ein storleik større enn større enn du normalt bruker ⚽️ Produksjonen av jubileumsdrakta er avgrensa. ⚽️ Drakter med nummertrykk kan ikkje returnerast eller bytast

1.076,-

På lager
Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

NB! 

  • Førebels på lager: XS og S
  • Forhåndssalg (forventa levering i oktober): M, L, XL, XXL, XXXL.

Jubileumsdrakta – 1976-2026 – 50 år i toppfotballen

Ein oktoberdag i 1976 sprang eit lag frå nivå tre ut på Ullevaal for å spele cupfinale. Det markerer på mange måtar starten på eit eventyr få trudde var mogleg.

I år fyller Sogndal IL 100 år og samtidig markerer me 50 år samanhengande i norsk toppfotball – ein prestasjon berre sju andre klubbar i landet kan vise til (Lillestrøm, VIF, Start, Viking, Brann, Molde, RBK).

Då det starta, budde det berre rundt 4 000 menneske i Sogndal. Det handlar ikkje om flaks, men om ein bevisst måte å jobbe på over tid. Med masse kompetanse, hardt arbeid, veldig mykje vilje og veldig mykje lagspel mellom klubb, bygd, frivillige og samarbeidspartnarar.

For å markera jubileet lanserer me ei eksklusiv jubileumsdrakt inspirert av drakta som vart bore av laget i cupfinalen. Drakta kjem med den klassiske Sogndal-logoen og er laga som ei hyllest til spelarane, supportarane og historia som har forma klubben gjennom fem tiår.

Drakta skal brukast i jubileumskampen mot Kongsvinger 25. oktober. 

Ønskjer du nummertrykk? Bestill dette her: Nummertrykk

Detaljer

⚽️ Jubileumsutgåve – 50 år i toppfotballen
⚽️ Klassisk Sogndal-logo
⚽️ Inspirert av den historiske drakta frå 1976
⚽️ Frå Ullevaal i 1976 til jubileumsåret 2026.

Storleik og nummertrykk
Me har fått tilbakemelding om at fleire opplever jubileumsdrakta som litt liten i storleiken, og vel difor éin storleik større enn dei normalt brukar. Er du usikker på storleiken, anbefaler me å ta dette med i vurderinga før du bestiller.

Drakter med nummertrykk kan ikkje returnerast eller bytast. Ver difor ekstra nøye med val av storleik dersom du bestiller drakta med trykk

OBS!
⚽️ Vel ein storleik større enn større enn du normalt bruker
⚽️ Produksjonen av jubileumsdrakta er avgrensa.
⚽️ Drakter med nummertrykk kan ikkje returnerast eller bytast

Lignende produkter

  • vipps-orange.png
  • klarna-dark.png
  • mastercard-full.png
  • visa.png