926,-
Norsk nettbutikk | Rask levering | Frakt i hele Norge
NB!
Ein oktoberdag i 1976 sprang eit lag frå nivå tre ut på Ullevaal for å spele cupfinale. Det markerer på mange måtar starten på eit eventyr få trudde var mogleg.
I år fyller Sogndal IL 100 år og samtidig markerer me 50 år samanhengande i norsk toppfotball – ein prestasjon berre sju andre klubbar i landet kan vise til (Lillestrøm, VIF, Start, Viking, Brann, Molde, RBK).
Då det starta, budde det berre rundt 4 000 menneske i Sogndal. Det handlar ikkje om flaks, men om ein bevisst måte å jobbe på over tid. Med masse kompetanse, hardt arbeid, veldig mykje vilje og veldig mykje lagspel mellom klubb, bygd, frivillige og samarbeidspartnarar.
For å markera jubileet lanserer me ei eksklusiv jubileumsdrakt inspirert av drakta som vart bore av laget i cupfinalen. Drakta kjem med den klassiske Sogndal-logoen og er laga som ei hyllest til spelarane, supportarane og historia som har forma klubben gjennom fem tiår.
Drakta skal brukast i jubileumskampen mot Kongsvinger 25. oktober.
Detaljer
⚽️ Jubileumsutgåve – 50 år i toppfotballen
⚽️ Klassisk Sogndal-logo
⚽️ Inspirert av den historiske drakta frå 1976
⚽️ Frå Ullevaal i 1976 til jubileumsåret 2026.
Storleik og nummertrykk
Me har fått tilbakemelding om at fleire opplever jubileumsdrakta som litt liten i storleiken, og vel difor éin storleik større enn dei normalt brukar. Er du usikker på storleiken, anbefaler me å ta dette med i vurderinga før du bestiller.
Drakter med nummertrykk kan ikkje returnerast eller bytast. Ver difor ekstra nøye med val av storleik dersom du bestiller drakta med trykk
OBS!
⚽️ Vel ein storleik større enn større enn du normalt bruker
⚽️ Produksjonen av jubileumsdrakta er avgrensa.
⚽️ Drakter med nummertrykk kan ikkje returnerast eller bytast
Handlekurven din er tom!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær oppdatert med alle nyhetene våre først
Søk er ikke tilgjengelig akkurat nå. Prøv igjen om et øyeblikk.
Prøv å endre søketermene eller utforsk kategoriene våre.